Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 32, 2011

Humle

Humler er ei gruppe insekt innan ordenen årevengjer. Gruppa tilhøyrer biene, og er plassert i familien Apidae. Humler har tjukk og brei, vanlegvis tett hårdekt kropp, og vengjer som verkar små i forhold til kroppen. Det er over 250 ulike humleartar i verda, 34 i Noreg. Fleire av artene er såkalla «gaukehumler» og lever som snyltarar i bolet til dei sosiale humlene.

Humler vert rekna som viktige for pollinering av mange planteslag, og i seinare år det vorte vanleg med «ferdiglaga» humlebol i veksthus. Humlebestanden lar seg lett påverke av landbruk, skogbruk, hagebruk og andre slike aktivitetar. Humlene si viktigaste næring er nektar og dei samlar pollen som mat til avkommet. Berre hohumler (dronningar og arbeidarar) har ein giftig stikkebrodd. Humlestikk kan opplevast som ei brennande smerte. Stikket er ikkje farleg med mindre ein reagerer allergisk. Humlene stikk berre når dei dei føler seg direkte trua og humlestikk er difor langt sjeldnare enn vepse- og bistikk. Les meir …