Wikipedia-diskusjon:Vekas artikkel/Veke 42, 2005

Veke 42 varar i 2005 frå 17. til 23. oktober. Guru Nának, grunnleggjaren av sikhismen og den første av dei ti sikh-guruane, vart fødd den 20. oktober 1469. Det har enno ikkje vore nokon vekas artikkel om sikhisme på Nynorsk Wikipedia (8.6.2005), så dette kunne vera ei god byrjing. :-) Olve 8. jun 2005 kl. 0450 (UTC)

Forslag 2: Senterpartiet - ny regjering trer i kraft på måndag endre

I og med at dei tre raudgrøne partia går inn i regjeringssamarbeid frå og med måndag er det fint å kunne ha ein artikkel som er aktuell i forhold til det. Regjeringsskiftet vil sannsynlegvis prege media og folkesnakk den her veka. Artikkelen om Senterpartiet har lege på Kandidat-til-vekas-artikkel-lista i over eit halvt år no, og den har nyleg vorte fresha opp og ser ganske bra ut (ja.. det er eg som har gjort det, so det går i sjølvskryt)

Årsaken til at eg meinar senterparti-artikkelen bør nyttast er at den er betre enn dei to andre (SV og Ap).

I den her veka kan vi vel tillate oss å publisere logoen til Sp på framsida, for at det skal vere bilete til artikkelen-ingressen på framsida? (men ikkje legge inn i sjølve artikkelen...)

/ Kurtber|Ordskifte

Svært fin artikkel, men det blir like feil å bruka ein logo på framsida som i ein artikkel (eller kanskje endå meir feil). Hadde me bare hatt eit bilde av ein Sp-stand frå valkampen eller noko slikt, der ein logo var ein del av bildet, kunne det endå gått. -- Ranveig 13. okt. 2005 kl. 14:33 (UTC)
Med nye bilde støtter eg forslaget; artikkelen er eit godt eksempel på dei politiske parti-artiklane. Han er grundigare enn Nanak-artikkelen og bryt fint opp mønstra med to religionsartiklar og to personartiklar etter kvarandre. -- Ranveig 14. okt. 2005 kl. 12:08 (UTC)
Sette inn bilete og stør forslaget om vekas artikkel --Gunnernett 14. okt. 2005 kl. 13:11 (UTC)
Flott! Årsakar at eg ikkje svarte på oppmodingane om å finne fram bilete frå stand o.l. -Eg var vekke heile helga.. Det var ein veldig god idé, og det må la seg gjere på eit vis! Det vil jo vere positivt for artikkelen i framtida òg! Eg er på jobben / Kurtber|Ordskifte
Tilbake til prosjektsiden «Vekas artikkel/Veke 42, 2005».