Wikipedia-diskusjon:Vekas artikkel/Veke 45, 2007

Samar er foreslått, jf Wikipedia-diskusjon:Vekas artikkel/Veke 42, 2007. Eit alternativ kan vere Kautokeino-opprøret (med eller utan bindestrek) som skjedde for 155 år sidan denne veka. Men i kandidatlista har han raudt merke, og ein av dei som kjenner samisk historie bør sjå på artikkelen før eg tør foreslå han. -Knut 20:59, 7 oktober 2007 (CEST)

Det raude er truleg mest fordi me manglar ein illustrasjon, men eitt eller anna bør me kunne finna. Artikkelen om opprøret er solid, med ankerfeste i andre artiklar, ser eg, sjølv om det kan leggjast til fleire detaljar, til dømes meir om følger (t.d. samisk bibelomsetjing) og om filmen. --Ranveig 21:59, 7 oktober 2007 (CEST)
Artikkelen får positiv omtale på bokmålwikipediaen, slikt må vi ta til oss. - Knut 22:05, 7 oktober 2007 (CEST)

Unnskyld meg, men denne nye måten å spreie diskusjonen over fleire sider synest eg lite om. Og som eg skreiv på Veke 42-sida: denne artikkelen er i overkant (underkant) kort og overflatisk. Når det som står om samisk historie i historisk tid er: «Det er truleg samane Tacitus skriv om når han i Germania frå år 98 e.kr. nemner fenni. På slutten av 700-talet skriv Paulus Daconus ved Karl den stores hoff om skridfinnar, og viser til skia til samane. På 800-talet skildrar Ottar eit folk som passar rein og kallast fenni.», er dette verkeleg ikkje noko å vise fram. At bokmålsfolket meiner dette held får vera deira problem. --Ekko 22:13, 7 oktober 2007 (CEST)

Ekko: Når du skreiv «Betre å komma med framlegga under kvar side», skjønte eg det slik at du ville vi skulle ta vekesdiskusjonane veke for veke. Og Jeblad sine ord, anten dei var meint som ros eller ris, gjaldt Kautokeino-opprøret. - Knut 22:29, 7 oktober 2007 (CEST)
Hm, ja, (lett skamrødme breier seg), da så, og artikkelen om Kautokeino-opprørert er jo konsis og fin. Ekko 22:39, 7 oktober 2007 (CEST)
Den raudfargen kledde deg godt : ) . Det raude i artikkelen er det ikkje så vanskeleg å bli kvitt. Då er det verre med illustrasjonane ... - Knut 22:47, 7 oktober 2007 (CEST)
Trur du dette biletet kan nyttast? Det ser gamalt ut og han døydde i 1896. Hogne 22:57, 7 oktober 2007 (CEST)
Orsak, me har det her allereie. Det var ikkje Lars Jacobsen Hætta men sjølve Lars Levi Læstadius dette. Om ikkje me finn betre bilete, meinar eg dette er relevant!

Samar er framleis for dårleg, vi bør ha høgare standard enn det (og det er eit vanskeleg emne å skrive om), framfor alt er artikkelen for kort, som Ekko også peiker på. Kautokeinoopprøret er derimot ikkje så ille, og det kan evt. bli gjort betre (t.d. med drøfting av den svært viktige setninga om at opprøret representerte eit attendeslag for strid for samisk). Når det gjeld bilete, er Lestadius grei i artikkelen, men på forsida til ei vekas artikkel er det litt meir problematisk. Bilete eller teikning av Kautokeino på 1800-talet hadde passa betre. Trondtr 00:14, 8 oktober 2007 (CEST).

Truleg er det dette biletet vi burde hatt. -Hogne 14:01, 8 oktober 2007 (CEST)

Brooke laga nokre teikningar frå Finnmark, m.a. kyrkja i Kautokeino, på 1800-talet, så om nokon har tilgang til bøkene hans, har vi ei biletkjelde. - Knut 17:43, 9 oktober 2007 (CEST)
Eg er imponert over detektivarbeidet dykkar! Søkte etter Brooke i biblioteka «mine», men han var der ei. Det er mogleg det går an å få tak i noko i British Library, men i mellomtida,
her er Kautokeino i 1799:(dei er innskanna gamle verk, så frie også for oss),
og her er ein opprørskollasj:(laga av underteikna, slik at eg lett kan retta opp feil).
--Ranveig 18:29, 9 oktober 2007 (CEST)
Biletet frå Kautokeino var godt, vi ser kyrkja midt i biletet, den var jo sentral i opprøret. Kollasjen er god den òg, sjølv om eg er usikker på pisken (opprørarane bruke - iflg. Zorgdrager - bjørkeris, staur og knivar). - Knut 19:18, 9 oktober 2007 (CEST)
Pisken blei litt feil, ja -- dei har ikkje så mykje bjørkeris på Commons. Bytta ut med ein trugande samekniv. --Ranveig 12:58, 10 oktober 2007 (CEST)
Når det er so lite er det vanskeleg å sjå kva som er i kollasjen. Dersom du får til å laga litt skarpare kontrastar slik at kniven kjem fram synes eg dette biletet er best. Går det å gjere korsa lysare og dempa bakgrunnen? Hogne 01:27, 14 oktober 2007 (CEST)
Eg prøvde å få kniven til å bli litt tydelegare, men krossen er ein del av bakgrunnen (alt det svarte er framsida til ein bibel). Einig i at det ikkje blir så lett å sjå i framsidestorleik, så eg synest me bør bruka utsnittet der. --Ranveig 00:48, 15 oktober 2007 (CEST)

Eg tok et utsnitt av biletet, er ikkje det betre?: Hogne 23:01, 9 oktober 2007 (CEST)

Ja, dette ser bra ut. Trondtr 01:38, 10 oktober 2007 (CEST).
Einig, no ser det litt dramatisk ut og er temmeleg relevant. Men me bør få vekk rama, den er ikkje del av det innskanna verket frå 1800-talet. --Ranveig 12:58, 10 oktober 2007 (CEST)
Eg har fjerna ramme.Hogne 20:38, 13 oktober 2007 (CEST)
Tilbake til prosjektsiden «Vekas artikkel/Veke 45, 2007».