Wikipedia-diskusjon:Vekas artikkel/Veke 49, 2012

Forslag 1: Høgtalar:

Dynamiske høgtalarelement i kabinett. Porten på venstre side, rett over basselementet, syner at rommet bak basselementet er ventilert (bassrefleks).

Høgtalar er ein akustoelektrisk omformar som konverterer frå elektrisk til akustisk energi (lyd). Høgtalarar arbeider i det for menneske hørbare området, som grovt sett dekkjer frekvensintervallet 20 Hz til 20 kHz.

Høgtalarar er meir kompliserte enn dei ser ut for. Dette heng saman med at dei er sett saman av eit elektrisk, eit mekanisk og eit akustisk system. Desse systema er tett kopla og må avstemmast slik at det akustoelektromekaniske systemet fungerer som tiltenkt. Plassering av høgtalarar og lyttarar i lytterommet er òg viktige faktorar for å oppnå så god attgjeving som mogeleg. Høgtalarar vert nytta til mange ulike føremål. Ein skil ofte mellom forbrukarhøgtalarar, høgttalarar til profesjonell bruk, lydforsterkingsystem, men det finst mange andre måtar å klassifiser bruksområda på. Les meir …


Nok ein grundig artikkel frå Sigmundg.
~ Hogne (diskusjon) 26. oktober 2012 kl. 09:48 (CEST)Svar
Tilbake til prosjektsiden «Vekas artikkel/Veke 49, 2012».