Wikipedia-diskusjon:Vekas artikkel/Veke 52, 2012
Siste kommentar: for 13 år sidan av Hogne
Jul, forslag 1:
Evangeliet etter Lukas er eit av dei synoptiske evangelia og er i den kanoniske rekkefølgja den tredje boka i Det nye testamentet. Boka inneheld mellom anna Juleevangeliet. Både språklege og teologiske fellestrekk viser at Lukas-evangeliet (Luk) og Apostegjerningane Apg har same forfattar. Evangelisten Lukas vert symbolsk framstilt som ein okse med eller utan venger.
Ifølgje bibelforskarar er det truleg at Lukas hadde to skriftlege kjelder, dels Markusevangeliet, dels ei tapt samling med jesusord, som vert kalla Q-kjelda. Andre forskarar har påstått at Lukas gir kvinner ei meir sentral rolle i historiene enn dei andre evangelistane. Forskarane er også samde om at Lukasevangeliet mest truleg er skrive i eit gresk miljø.