Wikipedia-diskusjon:Wikiprosjekt Skriftsystem

Skriftsystem endre

Eg slo visst litt stort opp her, og leita etter dei få skriftsystema vi ikkje hadde noko om (m.a. den overgripande artikkelen), når eg no går meir systematisk til verk ser eg at vi faktisk allereie har artiklar for dei viktigaste skriftsystema (orsak til dei som har lagt ned mykje arbeid her!). Det er likevel hol her og der, så ei reformulering av måla på prosjektsida kan vere å gå gjennom dei artiklane som finst og sjå kva som manglar. Desto meir inspirerande å jobbe er det jo når grunnlaget er godt.

Ei mogleg forbetring av artiklane kunne vere å seie noko om representasjonen av dei ulike skriftsystema i Unicode. Trondtr 3. jun 2005 kl. 2205 (UTC).

Eg har no laga ei side skriftsystem og ei liste over manglande skriftsystem til "manglar"-lista vår. Den engelske versjonen har ei anna "manglar"-liste som er tematisk ordna, den har eg sett om, og eg skal leggje ho inn snart. Det er manglande samsvar mellom dei to listene (ho som ligg på ønskjelista har ei anna kjelde, nemleg Unicode si liste over skriftsystem), ei oppgåve bør vere å slå saman dei to.
Tilbake til prosjektsiden «Wikiprosjekt Skriftsystem».