Wikipedia:Innlogging

Innlogging er ikkje nødvendig for å lesa eller redigera Wikipedia-innhald, men kan gje tilgang til fleire funksjonar, og er generelt tilrådd.

Registrering og innlogging endre

Når du registrerer deg oppgjev du eit brukarnamn (kallenamn eller verkeleg namn) og eit passord. Systemet vil ikkje godta at du prøver å registrera eit brukarnamn som allereie er i bruk. Ein brukarkonto kan berre opprettast ein gong, han kan ikkje slettast. Neste gong du skal logga inn oppgjev du brukarnamn og passord, og du vil då loggast inn.

Redigeringar du gjer blir logga under brukarnamnet ditt. Dersom du ikkje er logga inn vil endringar loggast under IP-adressa du bruker.

Kvifor logga inn? endre

Sjølv om innlogging ikkje er nødvendig for å lesa eller redigera innhald på Wikipedias, er det likevel ein god idé å logga inn, til dømes på grunn av:

  • Andre brukarar vil kunna kjenna deg igjen på brukarnamnet ditt når du endrar ei side.
  • Du vil få di eiga brukarside, der du kan skriva litt om deg sjølv eller legga inn notat. Du får òg ei brukardiskusjonsside, slik at andre brukarar kan ta kontakt med deg.
  • Du får høve til å markera endringar som «småplukk».
  • Du får høve til å overvaka endringar på artiklar som interesserer deg ved å bruka overvakinglista di.
  • Dersom du vel å oppgje ei epostadresse ved registrering, kan andre brukarar ha høve til å ta kontakt med deg på epost. Dette gjer det også mogleg å få att eit passord.
  • Du får høve til å flytta sider (gje dei nytt namn)
  • Du får høve til å setja dine eigne innstillingar, som korleis Wikipedia skal sjå ut for deg.
  • Du kan endra på fontar, fargar og anna ved hjelp av personlege stilark

Korleis logga inn endre

Først bør du sjekka om nettlesaren din godtek informasjonskapslar (cookies), gjer han ikkje det vil du ikkje ha høve til å logga inn. For å logga inn klikk på logg inn øvst i høgre hjørne. Du blir beden om å oppgje brukarnamn og passord. Dersom du ikkje har logga inn før vil du blir beden om å oppgje passordet to gonger.

Du kan òg oppgje ei e-postadresse, slik at andre brukarar kan ta kontakt med deg òg utanfor Wikipedia, og du kan få tilsendt passordinformasjon.

Dersom du klikkar på boksen «Hugs passordet til neste gong», vil du ikkje trenga å logga inn for kvar gong du opnar Wikipedia for å lesa eller endra ei side.

Innloggingsproblem endre

Dersom du likevel ikkje er innlogga når du opnar ei side etter at du har sett «Du er no innlogga»-sidan, er det fordi nettlesaren din ikkje godtek informasjonskapslar (cookies). Du må då endra innstillingane i nettlesaren for å få logga inn. Dersom du er heilt sikker på at du har stilt nettlesaren inn til å godta informasjonskapslar, sjekk om du har kryssa av i nettlesaren om at han skal godta informasjonskapslar frå http://wikipedia.org

Kva om eg gløymer passordet? endre

Dersom du skreiv inn ei e-postadresse då du registrerte deg, eller skreiv han inn i innstillingane seinare, kan du be om å få tilsendt eit nytt passord til den e-postadressa. Dersom du ikkje skreiv inn ei e-postadresse eller ikkje lengre har tilgang til han du skreiv inn, må du ta kontakt med nokon som har direkte tilgag til databasen og bevisa at det er din nytter. Då kan dei setja eit nytt passord for deg om dei har tilstrekkeleg bevis for at kontoen verkeleg tilhøyrer deg. Viss det ikkje fungerer med det så må du rett og slett laga deg ein ny brukarkonto.

Brukarnamn endre

Wikipedia brukar UTF8, og brukarnamn på Wikipedia kan difor innehalda praktisk talt alle moglege teikn, inkludert mellomrom og teikn i ikkje-latinske alfabet.

Brukarnamn er personlege og skal brukast av berre éin person. Felleskontoar eller kontoar som kan sjå ut som felleskontoar er difor uønska.

Brukarnamn som er openberr reklame eller refererer til eit firma, organisasjon, gruppe, politisk parti eller liknande er ikkje tillatne.

Det er vidare ikkje ønskeleg å ha brukarnamn som viser til politisk ståstad, seksuell orientering eller liknande, eller som på einkvan måte kan oppfattast som støytande (t.d. gjennom bruk av banneord eller seksuelle omgrep).

Det er ikkje tillate å bruka namnet på kjende nolevande personar (til dømes Joe Biden) eller kjende historiske personar.

Brukarnamn som berre består av ein lang streng tilsynelatande tilfeldige teikn, til dømes «kjkasdnvcsd», bør ein òg unngå. Brukarnamn som minner om IP-adresser skal heller ikkje brukast, då dette gjer at andre brukarar vil ta deg for ein som ikkje er registrert.

Brukarnamn som antyder at du har spesielle rettar, til dømes eit namn som inneheld «administrator», er heller ikkje tillatne.

Eit anna problem kan vera at brukarnamnet liknar for mykje på eit brukarnamn som allereie finst, då dette kan skapa forvirring hos andre brukarar. Det kan til dømes vera vanskeleg for andre å skilja brukarane «Go'Jenta» og «GodJenta», noko som gjer at den av dei to som registrerte seg sist vil bedast om å finna seg eit nytt brukarnamn.

Brukarnamn som blir oppfatta som upassande kan bli blokkerte.

Dersom ein er utilfreds med valet av brukarnamn eller får melding om at brukarnamnet er blokkert eller ikkje akseptabelt, kan brukarnamnet endrast på Meta-sidene til Mediawiki. Tidlegare endirngar ein har gjort vil då knytast til det nye brukarnamnet.

Korleis logga ut endre

Du kan logga ut kva tid som helst ved å klikka på logg ut-knappen på toppen av sida. Logg alltid ut når du er ferdig viss du brukar ei offentleg datamaskin (til dømes på bibliotek eller skular).