Avspeling av lyd- og videofiler frå Wikimedia i Unix

Programvare

Viss du ikkje har program som speler lyd eller video, kan du installera til dømes Totem, Amarok, MPlayer, Xine, VLC media player, BMP, XMMS eller ein annan Linux-spelar.

Last ned video-kodek

Dei fleste utgåver av Unix kjem med Ogg Vorbis-kodeken, som gjer at ein kan spela av lyd, ferdig installert. Ofte må ein likevel installera Ogg Theora-kodeken for video. Spelarar som MPlayer, Xine og VLC kan spela mediefilene på Commons utan ekstra kodekar.

Prøv å spela ei fil, så finn du ut om systemet ditt allereie er klart. Viss det ikkje er det, kan du lasta ned ein kodek for Ogg Theora og installera han med pakkebehandlaren på systemet ditt.


Spørsmål eller problem? Spør på Mediahjelp eller Samfunnshuset.