Wikipedia:Pressemeldingar/25 000 artiklar

Nynorsk Wikipedia passerer 25 000 artiklar endre

 
På Wikipedia samlar dei seg - storfolk og smått

Det var ei historie som byrja slik dei ofte gjer i grender i Norge. Ein klok kar hadde ein ide: Kvifor ikkje lage eit leksikon på nynorsk?

Som sagt så gjort. Mannen tok saka i eigne hender og fekk med seg nokre andre trauste skribentar som gav eit løfte til kvarandre: Om nokre år skal vi ha eit dugande leksikon på vårt eige mål!

11. august 2007: 3 år etter at Nynorsk Wikipedia vart starta passerte Nynorsk Wikipedia, det første generelle nynorske leksikonet på Internett, 25 000 artiklar. Artikkel nummer 25 000 handlar om Fallots tetrade (ein kompleks medfødd hjartefeil). Nettleksikonet ligg på nettadressa nn.wikipedia.org.

Wikipedia er eit internasjonalt prosjekt som produserer frie internettleksikon på mange ulike språk. «Fritt» tyder i denne samanhengen at det er gratis å bruke, alle kan vera med og skrive, og det er skrive under «GNU fri dokumentasjonslisens». Wikipedia finst i mange språkutgåver — den største utgåva er den engelske med nær 2 millonar artiklar. På skandinaviske språk finst det òg utgåver på bokmål (no.wikipedia.org), svensk (sv.wikipedia.org) og dansk (da.wikipedia.org). Nynorsk Wikipedia er med 25 000 artiklar verdas 42. største Wikipedia, like stor som dei for gresk, thai og persisk, og, større enn dei for t.d. vietnamesisk, hindi, baskisk og latvisk.

For at eit språk skal vera levande i dagens samfunn, må det òg kunna nyttast innan informasjonsteknologien. Nokre få internettressursar (som Google og ABC Startsida) er på nynorsk, men det er framleis få nettressursar på nynorsk. Nynorsk Wikipedia er difor ein god og viktig møtestad for nynorskbrukarar. I tillegg til å vera ein stad der ein kan både skriva og lesa nynorsk, er det eit inkluderande minisamfunn, der nynorskbrukarar frå heile verda kan møtast utan å måtte forsvare seg mot motstanden ein er vande med elles i samfunnet.

Nær tre tusen skribentar har vore med på dugnadsarbeidet på Nynorsk Wikipedia til no, og fleire kjem til heile tida. Blant skribentane er alle aldersgrupper representerte, mange ulike fagfelt og universitets- og høgskulegrader, og til og med mange land. I tillegg til dei som bur i Noreg, finst det nynorskskribentar i Storbritannia, USA og Australia som har vore med på å skapa denne hittil einaste moderne allkunneboka på nynorsk. Wikipedia vert stadig oftare sitert i pressa, artiklar herfrå vert høgt prioriterte på Google, kvaliteten vert stadig betre med utstrekt bruk av kjeldetilvisningar.

Sjølv om vi på Nynorsk Wikipedia er stolte over å nådd over 25 000 artiklar, vil vi svært gjerne ha fleire bidragsytarar. For å ha same kvalitet som til dømes Caplex på bokmål er det i ei intern gransking stipulert at vi treng omlag 150 000 artiklar og større djupn. Vi trur det er mogeleg å nå dit i løpet av fem år med den utviklinga Wikipedia har no. Det er fleire organisasjonar som frigjev tekst og bilete til Wikipedia for å lettare spreie informasjon om seg, og i mai 2007 fekk Ranveig Mossige Thattai eit stipend frå Noregs Mållag for å gjera Nynorsk Wikipedia betre å bruka både som kjelde og skrivestad for ungdom.

Tilvisingar endre

Kontakt endre

Pressekontaktar kan vera til hjelp med meir informasjon:


Denne pressemeldinga er lisensiert som offentleg eigedom (public domain) og kan brukast og attgjevast fritt.