Wikipedia:Retningsliner for å skrive høgnorsk

På Nynorsk Wikipedia blir artiklar skrive etter Språkrådet si norm. Det er likevel mogleg å skrive artiklar på høgnorsk. Artiklar som skal haldast på høgnorsk med bruk av former som ikkje finst på moderne nynorsk bør leggjast under forstavinga Hn/, med peikar mellom høgnorskartikkelen og utgåva på normalnynorsk. Høgnorskartiklar har òg eit eige kategoritre kategori:høgnorske flokkar.

Framgangsmåte for å laga og lenkja artiklar

endre

Ein høgnorskartikkel om til dømes Ivar Aasen høyrer heime under Hn/Ivar Aasen.

Når det finst artiklar på begge målformer, lenkjar ein dei saman slik:

{{nynorsk|nynorsksida=[namnet på den nynorske artikkelen]}}.

blir sett inn i høgnorskartikkelen

{{høgnorsk|høgnorsksida=[namnet på den høgnorske artikkelen]}}.

blir sett inn i nynorskartikkelen.

Dersom du vil laga ein ny artikkel på høgnorsk og temaet ikkje er omtala på nynorsk, kan du gjerne leggja han inn i hovudnamnerommet, men må då venta at språket blir normalisert.

Som nemnt ovanfor er det lov å endra rettskrivinga dersom du ikkje er i stand til å nytta den opphavlege rettskrivinga. For høgnorske artiklar gjeld det då at du fyrst syter for at artikkelen vert overførd til ei eiga høgnorsk utgåva. Den nye høgnorskartikkelen opprettar du ved å laga ei ny side med forstavinga hn/. Du må dessutan leggja ein mal øvst i artikkelen din om at han òg finst på høgnorsk.