Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 10, 2019
Dei franske revolusjonskrigane var ei rekkje store konfliktar frå 1792 til 1802 mellom dei franske revolusjonære styresmaktene og fleire europeiske statar. Den franske revolusjonshæren utmerkte seg med gløden frå den franske revolusjonen og militære nyvinngar, og slo mange av dei fiendtlege koalisjonane. Frankrike fekk kontroll over Nederlanda, Italia og Rheinland. Krigen omfatta særs mange soldatar, hovudsakleg på grunn av den moderne verneplikta.
Dei franske revolusjonskrigane vert vanlegvis delte inn i Den første koalisjonen (1792–1797) og Den andre koalisjonen (1798–1801), sjølv om Frankrike var i samanhengande krig med Storbritannia frå 1793 til 1802. Krigane enda med Amiens-traktaten i 1802, men konflikten blussa raskt opp igjen med napoleonskrigane. Begge konfliktane vert stundom omtalte som «den store franske krigen». Les meir …