Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 10, 2023
Ina Coolbrith (10. mars 1841–29. februar 1928) var ein amerikansk diktar, skribent, bibliotekar og ein framståande figur i det litterære miljøet i San Francisco Bay Area. Ho blei kalla «Sweet Singer of California». Coolbrith var den fyrste som blei utnemnd til California Poet Laureate og den fyrste til å bli poet laureate i nokon amerikansk delstat.
Coolbrith var niese av Joseph Smith, grunnleggjaren av The Church of Jesus Christ of Latter-day Saints. Ho forlet mormonarsamfunnet som barn og byrja tenåra i Los Angeles i California, der ho byrja å gje ut lyrikk. Etter eit mislukka ungdomsekteskap slo ho seg ned i San Francisco. Der møtte ho forfattarane Bret Harte og Charles Warren Stoddard som ho grunnla «Golden Gate Trinity» med, ei gruppe som var tett knytt til litteraturtidsskriftet Overland Monthly. Coolbrith byrja å skriva ei litteraturhistorie om California, med mykje sjølvbiografisk materiale, men brannen etter jordskjelvet i San Francisco i 1906 øydela det ho hadde gjort. Les meir …