Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 12, 2022
The Byrds var eit amerikansk rockeband som vart skipa i Los Angeles i California i 1964. Bandet hadde mange forskjellige medlemmer medan det eksisterte, og frontmannen Roger McGuinn (òg kjend som Jim McGuinn) var det einaste medlemmet som var med heile vegen fram til bandet vart oppløyst i 1973. Kommersielt sett var gruppa berre like stor som The Beatles, The Beach Boys og The Rolling Stones ein kort periode i 1965 og 1966, men vert likevel i dag rekna for å vere eit av dei viktigaste banda frå 1960-åra. The Byrds var pionerar innan sjangeren folkrock, og påverka slik The Beatles og andre band i den britiske bølgja med kontemporær og tradisjonell folkemusikk. Utover i 1960-åra vart bandet òg viktig innan utviklinga av psykedelisk rock, ragarock og countryrock. Les meir …