Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 15, 2024
Edderkoppar i kulturen viser til ei rekkje måtar edderkoppar og spindelvev er blitt skildra og handsama innan folkekultur, mytologi og symbolisme gjennom historia. Frå gresk mytologi til afrikansk folklore og fram til i moderne litteratur og populærkultur har edderkoppar vore nytta til å representera fleire ulike idear og eigenskapar.
Edderkoppar kan vera eit symbol på ugagn og vondskap, knytt til gifta og den sakte døden ho kan gje, noko som ofte blir sett på som ei forbanning. Han har symbolisert tolmod og uthald på grunn av jaktteknikken sin der han lagar nett og ventar på at byttet skal bli fanga. Mange kulturar legg også vekt på evna hans til å laga nett, og knyter han til spinning, veving, korgmaking, knutearbeid og nettmaking. Dyra kan knyttast til skapingsmytar fordi dei kan laga sine eigne verder i form av vevane sine. Les meir …