Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 16, 2023
John Rawls (1921–2002) var ein amerikansk filosof. Han er mest kjent for hovudverket sitt 'Ein teori om rettferd' (A Theory of Justice) frå 1971, der han kom med eit kontraktteoretisk alternativ til utilitarismen. Dette verket revolusjonerte den politiske filosofien i USA, og sette i gang ein debatt mellom kommunitaristar og liberalistar. Debatten handla om kvar sterkt fellesskapsband som må til for at eit demokrati skal fungera. Rawls ynskja å skapa prosedyrar som skulle hjelpa menneske å løysa konfliktar. Sentralt for samarbeid mellom menneske er sosiale institusjonar, som er basisstrukturen i samfunnet. Les meir …