Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 17, 2022
Skapinga (tysk Die Schöpfung, engelsk The Creation) er eit oratorium skrive av Joseph Haydn mellom 1796 og 1798 og ofte rekna som hans meisterverk. Målet til Haydn var å skapa eit verk som kunne måla seg med Händel sine oratorium, men som var skrive i den høgklassisistiske stilen. Librettoen som låg som grunnlag for verket skildrar den kristne historia om skapinga av verda, med element henta frå John Milton sitt episke dikt Det tapte paradis.
Premieren av Skapinga var ein triumf ein sjeldan har sett maken til i musikkhistoria. Verket blei fyrst framført i Palais Schwarzenberg den 29. april 1798, med ei ekstraframføring dagen etter. Verket blei i løpet av dei 10 åra Haydn hadde att å leva sett opp over 40 gongar, over heile den vestlege verda. Dette var eit ekstraordinært høgt nummer på denne tida, då ein enno ikkje hadde utvikla eit musikalsk standardreportoar, og eit vanleg verk ofte ikkje blei høyrd etter sesongen det var laga for. Les meir …