Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 18, 2022
Élisabeth Vigée Le Brun (1755–1842) var ein fransk målar frå Paris. Ho måla i hovudsak portrett, og er særleg kjend for portrett av europeiske adelsfolk og kongelege. Stilmessig høyrer verka hennar til tida etter rokokko med element frå nyklassisismen. Vigée Le Brun laga tiltrekkande og idealiserte portrett, og blei kjend som hoffmålar for dronning Marie Antoinette. Ho måla seinare portrett av europeiske adelsfolk, skodespelarar og forfattarar, og blei vald inn i kunstakademi i ti byar. Under den franske revolusjonen i 1789 rømde Le Brun frå Frankrike. Ho arbeidde deretter i Russland, Italia og Storbritannia. Etter at Napoleon hadde kome til makta i Frankrike, vende ho tilbake til heimlandet.
Vigée Le Brun laga 660 portrettmåleri og 200 landskapsmåleri. Desse finst i private samlingar i Europa og USA, men også i store museum som Eremitasjen i St. Petersburg, National Gallery i London, Metropolitan Museum of Art i New York og National Gallery of Art i Washington, D.C. Les meir …