Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 19, 2019
Beringhavet er eit havområde i Stillehavet som består av eit djuphavsbasseng (det aleutiske bassenget) som stig opp ein bratt skrent til grunnare vatn over kontinentalsokkelen.
Området dekkjer to millionar kvadratkilometer og grenser i aust og nordaust til Alaska, i vest til Sibir og Kamtsjatkahalvøya i Russland, i sør til Alaskahalvøya og Aleutane og i nord til Beringsundet med Nordishavet og Tsjuktsjarhavet på andre sida. Bristolbukta er delen av Beringhavet som skil Alaskahalvøya frå fastlandet i Alaska. Beringhavet er kalla opp etter den første europearen som segla over havet, den danske sjøfararen Vitus Bering.
Økosystemet i Beringhavet inneheld ressursar innanfor territorialfarvatnet til USA og Russland, og internasjonalt farvatn i det såkalla «Donut Hole». Vekselverknaden mellom havstraumar, havis og vêret dannar eit sterkt og produktivt økosystem. Les meir …