Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 2, 2020
Blues er ein musikksjanger basert på bruken av blåtonar. Han oppstod i afroamerikanske samfunn i USA ut frå negro spirituals, arbeidssongar og enkle balladar på rim. Bruken av blåtonar og call and response (kall og korsvar) i musikken og tekstane syer den afrikansk påverknaden på sjangeren. Uttrykket «the blues» viser til «the blue devils» («dei blå demonane») som står for nedstemte kjensler, melankoli og sorgmod. Ein tidleg referanse til «the blues» finn ein i George Colman sin farse Blue devils (1798). Sjølv om bruken av uttrykket i afroamerikansk musikk kan vere eldre, vert songen «Dallas Blues» av Hart Wand frå 1912 rekna som den første blues-songen. I tekstar vart uttrykket ofte nytta for å skildre ei nedtrykt stemning.
Blues påverka seinare amerikansk og vestleg popmusikk, sidan han danna grunnlaget for jazz, rhythm and blues og bluegrass. I 1960- og 1970-åra vart ei blandingsform kalla bluesrock utviklinga frå blues og forskjellige former for rock 'n' roll. Les meir …