Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 2, 2022
Kapp Horn er det sørlegaste neset på Tierra del Fuego-øyane, også kjend som Eldlandet, sør i Chile. Det er det sørlegaste punktet i Sør-Amerika og markerer den nordlege grensa til Drakesundet. I mange år var neset ein milepåle på klipperruta, som seglskutene segla då dei frakta varer rundt verda. Farvatnet rundt neset er derimot særs farleg på grunn av kraftig vind, høge bølgjer, kraftige havstraumar og isfjell, og i seglskutetida var området kjent som ei våt grav for mange sjømenn.
Då Panamakanalen opna i 1914 trong langt færre skip å segle rundt Kapp Horn. I dag vert segling rundt neset rekna som ein av dei store utfordringane innan seglsport, stundom som ein del av jordomseglingar. I dag kan ein derimot segle gjennom kanalane like nord for neset, men mange vel likevel å vente på bra vêr og segle rundt det historiske neset. Les meir …