Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 20, 2023
Nord-Troms Museum er eit desentralisert museum som har dei seks kommunane i Nord-Troms, Lyngen, Storfjord, Kåfjord, Nordreisa, Skjervøy og Kvænangen, som eigarar. Museet blei stifta 20. mai 1979. Vedtektene seier at Nord-Troms museum skal arbeide med kulturelle møte og brytingar i fortid og samtid, og at synleggjering av samisk og kvensk kultur er viktig.
Museet forvaltar 65 bygningar som er historisk viktige i eit område som i stor grad blei brent ned under andre verdskrigen. Hovudkontoret til museet er i Haltibygget på Storslett i Nordreisa kommune. Hovudmagasinet til museet er i Flerbrukshuset i Burfjord i Kvænangen kommune. Her har museet ei samling på rundt 17 000 regionale gjenstandar som ikkje er stilte ut. Les meir …