Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 21, 2020

Illustrasjon til eventyr av Marie-Catherine d’Aulnoy

Marie-Catherine d’Aulnoy (1650–1705) var ein fransk forfattar og grevinne av Aulnoy, også kjend som Madame d'Aulnoy. Ho er særleg kjend for eventyra sine, og var den første som gav ut eventyr i Frankrike. D'Aulnoy var også den som innførte omgrepet contes de fées ('fe-soger'), som er brukt om eventyr på fransk og tilsvarer engelsk fairy tale. Ho levde sjølv eit eventyrleg liv, der ho var innblanda i skuldingar om majestetsfornærming og levde fleire år i eksil.

Madame d'Aulnoy gav ut si første bok i 1690. Denne boka, Mémoires sur la cour d’Espagne, inneheldt minne frå Spania, og blei særs populær. I 1691 kom romanen Histoire d’Hippolyte, comte de Douglas, som inneheld det første franske eventyret på prent, og fekk eventyret på moten i Frankrike. Eventyra til d'Aulnoy var skrivne for vaksne frå den galante omgangskretsen hennar. Dei kombinerte tradisjonelle soger med litterære uttrykksmåtar knytt til den kulturelle preciositeten ho tilhøyrde. Gjennom dette er ho rekna som ein opphavsperson til kunsteventyret. Les meir …