Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 23, 2020
TS «Leda» var eit turbinskip bygt i 1920 som passasjer- og lasteskip for Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS). Skipet vart bygt ved Armstrong, Whitworth & Co. i Newcastle i Storbritannia og kosta 4,8 millionar kroner då det vart levert i november 1920. Det gjekk inn i englandsruta til BDS frå Bergen til Newcastle via Stavanger. 2. juli 1926 kryssa «Leda» Nordsjøen på veg frå Newcastle til Bergen på 26,5 time, noko som var ny rekord.
«Leda» vart rekvirert av Die Deutsche Krigesmarine den 31. juli 1940 og nytta som overnattingsfartøy i Bergen, i tillegg til noko passasjertrafikk mellom Tyskland og Sverige med tysk mannskap. Frå 18. mai 1944 vart det nytta som forsyningsskip for ein artilleriskule på ein ukjend stad, og frå 28. desember same året vart det nytta som transportskip for Kriegsmarine Dienstelle Stettin i Tyskland. 25. mars 1945 vart skipet skote i senk av russiske landbatteri utanfor Gross Siegnort utafor Oder på reise til Stettin frå Swinemunde. 20 personar omkom. Skipet sokk på ei djupne av åtte meter med baugen over vatn og låg her fram til 1948. Les meir …