Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 24, 2018

Anne Gullestad som Haugtussa i 1967

Anne Gullestad (1925-1998) var ein norsk skodespelar, instruktør og teatersjef. Ho var også forfattar av dramatikk og prosa. Gullestad var den første teatersjefen ved Sogn og Fjordane Teater og seinare for Riksteatret. Ho skipa sjølv Hordaland Teater og Vestlandske Teaterlag og var med på å utvikla teaterbåten «Innvik». Som skodespelar opptredde ho ved norske hovudstads- og distriktsteater, men som instruktør arbeidde ho også mykje for amatørteater og lokale sogespel. Kinnaspelet regisserte ho frå opningsframsyninga i 1985 fram til ho døydde i 1998. Les meir …