Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 27, 2020
Agder er eit fylke sør i Noreg, oppretta den 1. januar 2020 som ei samanslutning av fylka Aust-Agder og Vest-Agder. Det er det sørlegaste fylket i Noreg, med Noregs sørlegaste punkt: Pysen. Fylkeskommunen har sete i Kristiansand, den største byen i fylket. Fylkesmannen og fagadministrasjonane under fylkesmannsembetet har sete i Arendal, som var administrasjonssenteret i Aust-Agder.
Agder er ved kysten i sør prega av eit kupert landskap, medan innlandet er prega av skog, dal og hei, som i nord går over i høgfjellsområde. Fylket grensar i nordaust og aust til Telemark og i nordvest og vest til Rogaland.
Fylkesvåpenet til Agder er ei gullfarga eik på djup raud bakgrunn. Det er basert på fylkesvåpena til dei to tidlegare fylka. Motivet er henta frå våpenet til Vest-Agder medan fargane kjem frå våpenet til Aust-Agder. Les meir …