Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 28, 2019
Sara eller Sarai er ein matriark i Den hebraiske bibelen. Ho er omtalt i 1. Mosebok, som fortel at ho var kona til patriarken Abraham. I høg alder blei ho mor til patriarken Isak. Sara er den første av dei fire matriarkane i jødedommen. I jødisk tradisjon kan ho omtalast som Sarah Imeinu, 'Sarah mor vår'.
Sara døydde i ein oppgjeven alder av 127 år i Kirjat-Arba. Abraham kjøpte ein gravplass av hetittane som budde der, og ho skal ha blitt gravlagd i det som er blitt kjend som Patriarkgrotta eller Makpela-hola. Denne staden ligg i den gamle byen Hebron, og er den nest heilagaste staden for jødar, og har også ei viktig rolle for kristne og muslimar. Begge desse sistnemnde gruppene har tradisjonar som seier at tre bibelske par er gravlagde der: Abraham og Sarah, Isak og Rebekka og Jakob og Lea. Les meir …