Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 29, 2019

Frå Canna i Skottland

Canna (skotsk-gælisk Canaigh; Eilean Chanaigh, kanskje av norrønt Kné-ey) er den vestlegaste av Small Isles i dei Indre Hebridane i Skottland. Ho har samband til naboøya Sanday via ein veg og sandbankar som kjem til syne ved lågvatn. Øya er 7 km lang og 1,5 km brei. Dei isolerte skjera Hyskeir og Humla ligg 10 km sørvest for øya.

Canna har vore busette sidan yngre steinalder, og det er fleire gamle fornminne på øya. Det var eit gammalt nonnekloster her som ifølgje tradisjonen vart grunnlagt av Columba av Iona. Dette skal ha vore eitt av dei første slike klostera innanfor grensene av dagens Skottland. Klosteret vart forlate på 800-talet på grunn av herjingane til vikingane, men kom i drift att ein gong etter år 1000 og var i drift til 1400-talet. I dag er berre ruinane av grunnmurene igjen. Desse er framleis synlege der nonneklosteret låg sør på øya. Øya var formelt sett eigd av klosteret på Iona fram til 1627. Les meir …