Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 3, 2019
Sosialistisk realisme er ei kunstretning som utvikla seg under kommunismen i Sovjetunionen og vart den rådande stilen i andre kommunistland. Sosialistisk realisme er ein teleologisk-orientert metode og stil som tok mål av seg til å fremje målsettingane i sosialismen og kommunismen. Tema for retninga var jamnast arbeidslivet og teknikken i den sosialistiske kvardagen, til dømes traktorkøyrarar på ein kolkhoz som optimistisk vender blikket opp og fram. Ein la vekt på røyndomsnær skildring med lågt innslag av abstraksjon og estetisering. Retninga har slektskap med sosialrealismen, men dei to må ikkje forvekslast. Tvert mot sosialrealismen glorifiserer den sosialistiske realismen ofte den fattige si rolle. Retninga var i ein viss grad ein reaksjon mot såkalla dekadente stilretningar. Les meir …