Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 3, 2025
Fontanell er eit anatomisk kjennemerke ved hovudskallen hjå nyfødde. Det plar å visa til dei blaute og membranøse gapa, skallesaumane, mellom knoklane som dannar skalletaket hjå foster og nyfødde.
Fontanellane oppstår fordi dei ulike knoklane som dannar hovudskallen ikkje er vaksne heilt saman hjå nyfødde. Dei har runde hjørne, og har berre ei bindevevshinne mellom seg. Ved møtepunkta mellom tre eller fleire skallebein møter kvarandre, er hinneområdet større, og det blir danna fontanellar. Etterkvart blir det danna nytt bein mellom knoklane. Les meir …