Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 31, 2024
Fontener i Roma omfattar tusentals av både store og små fontener. Fontener har gjeve drikkevatn og pryda torg i byen i over to tusen år. Mange av dei blei oppførte under renessansen og barokken. Nokre er monumentale praktverk, medan andre er små, kjeldeaktige innretningar med stille piplande vatn. Nasoni er små drikkevassfontener i jern med naseliknande piper som det finst rundt 2 500 av plasserte utover heile byen.
I romartida, i år 98, skal byen ifølgje konsul Sextus Julius Frontinus ha hatt ni akveduktar som førte til 39 monumentale fontener og 591 offentlege kjelder. I tillegg førte dei vatn til keisarhoffet, bad og private villaer. Kvar av dei større fontenene var knytte til to ulike akveduktar, i tilfelle ein av dei måtte stoppast for å gjera arbeid på han. Les meir …