Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 32, 2023
Cleidopus gloriamaris er ein fiskeart i familien furukonglefiskar (Monocentridae), og den einaste medlemmen av si slekt. Det vitskaplege namnet kjem av latin gloria og maris, som tyder «venleiken frå havet».
Cleidopus gloriamaris er heimehøyrande i kystområda utanfor Queensland, New South Wales og Western Australia. Ein finn han på djupner frå 6 til 200 meter i rev og hamner. Fisken finst både i det austlege Indiahavet og det vestlege Stillehavet. Han vert opptil 22 cm lang. Fisken har ein fyldig og rund kropp som er nesten heilt dekt av store, ru skjel med skarpe, bakoverpeikande ryggsøyler. Skjela på Cleidopus gloriamaris er gulkvite med svarte bakkantar som formar det karakteristiske mønsteret som har gjeve namnet til familien furukonglefisk. Les meir …