Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 36, 2020
Anna Akhmatova (1889–1966) var ein russisk lyrikar, omsetjar og litteraturvitar, som vart kjend for sin melankolske og politiske lyrikk i åra før oktoberrevolusjonen i 1917. Akhmatova er rekna som ein av dei viktigaste personane innan russisk litteratur på 1900-talet. I 1965 var ho nominert til Nobelprisen i litteratur. Ho vann Taormina-prisen i 1964 og vart æresdoktor ved universitetet i Oxford i 1965.
Anna Akhmatova hadde sjølv eit vanskeleg liv. Ho levde gjennom den russiske revolusjonen og omleiringa av Leningrad under andre verdskrigen. Den første ektemannen hennar Nikolaj Gumiljov vart avretta i 1921; den tredje ektemannen, Nikolaj Punin, vart arrestert fleire gonger og døydde i ein fangeleir i 1953, og den einaste sonen hennar, Lev Gumiljov, hadde ei rekkje fengselsopphald frå 1930- til 1950-talet. Akhmatova uttrykte sorga som hustru og mor i eit av dei viktigaste dikta sine – Rekviem. Sjølv vart ho overvaka og sensurert. Mange av verka hennar vart ikkje gjevne ut i Sovjetunionen medan ho levde, men først over tjue år etter at ho var død. Les meir …