Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 38, 2022
Hurrem Sultan (ca. 1502–1558), også kjend som Roxelana, var fyrstekona til den osmanske sultanen Suleiman den store. Ho blei ei av dei mektigaste kvinnene i osmansk historie, og var ein framståande og kontroversiell person i tida kjend som kvinnesultanatet.
Hurrem Sultan var fødd i Rutenia (då ein austleg del av Kongeriket Polen, no i Ukraina) som dotter av ein ortodoks prest. Ho blei teken til fange av krimtatarar under eit slaveraid og kom etterkvart til Istanbul, hovudstaden i Det osmanske riket. Ho blei del av haremet til sultanen, og steig gjennom gradene til å bli favoritten til sultan Suleiman. I eit brot med osmansk tradisjon gifta han seg med Hurrem, slik at ho fekk status som kona hans. Hurrem fekk etterkvart mykje makt og påverka politikken i det osmanske riket. Gjennom ektemannen fekk ho ei aktiv rolle i statsstyringa. Ho var truleg rådgjevar for sultanen, skreiv diplomatiske brev og støtta større offentlege byggeprosjekt. Les meir …