Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 38, 2024

Ein nylaga utspent stokkebåt

Stokkebåt er ein båt laga av ein uthola trestamme, som oftast ein kanoliknande farkost. Konstruksjonsmetoden er grunnleggjande og har truleg vore kjend gjennom mange tusen år i store deler av verda. Han vert difor gjerne definert som sjølve urbåten. Stokkebåten har eksistert og vore i bruk gjennom tusen av år og heilt fram til våre dagar. I ikkje-industrialiserte delar av verda vert det enno laga og brukt nye stokkebåtar mange stader. I Norden blei det truleg laga stokkebåtar til langt inn på 1900-talet.

Den eldste båten i verda er Pessebåten, ein stokkebåt funnen i Nederland. Han er omkring 10 000 år gammal. Også i Norden er stokkebåtane dei første farkostane ein kjenner til. I Danmark er det funne ei rekkje stokkebåter, tre av dei omkring 6 000 år gamle. Desse var laga av lind og padleårene av ask. Les meir …