Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 39, 2024

Gambiaelva.

Gambiaelva er ei stor flod i Vest-Afrika. Ho er 1 130 km lang og har eit nedslagsfelt på 185 000 km². Elva har gjeve namn til landet Gambia, som ligg på begge breiddene av det nedre løpet hennar. Elva er dobbelt så lang som landet. Ho byrjar løpet sitt i Guinea, og renn så gjennom Senegal før ho når Atlanterhavet i Gambia. Gambia er den einaste elva i Vest-Afrika som er lett tilgjengeleg for havgåande skip. Om lag halve elva er seglbar.

Gambialeva spring ut på Fouta Djallon-platået nord i Guinea og renn vestover til Atlanterhavet. Frå Fouta Djallon renn elva nordvest inn i den senegalesiske Tambacounda-regionen, gjennom Niokolo-Koba nasjonalpark. Ho går inn i Gambia ved Fatoto. Rundt 100 km frå munningen vider ho seg gradvis ut til ho når ei breidd på over 10 km der ho renn ut i havet ved Banjul. Les meir …