Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 4, 2020
Dagmar av Danmark (død 24. mai 1212) var ei dansk dronning gift med kong Valdemar Sejr og mor til prins Valdemar den unge. Dagmar blei fødd i kongsborga Vyšehrad i Praha på slutten 1100-talet som prinsesse Margaretha (Markéta) av Böhmen. Foreldra hennar var Přemysl Ottokar I av Böhmen og den første kona hans, Adelheid av Meissen.
Lite er kjent om dronning Dagmar som person, men ho er framstilt på ein idealisert måte i mange danske folkeviser. Ifølgje Rydårbogen frå 1250 påverka ho Valdemar til å sleppa fri fienden sin, biskop Valdemar av Slesvig, i 1206. Omtalen i folkeviser teikner henne gjerne som ei mild, god, gufryktig og mykje omtykt ideell kristen dronning, ein kontrast til den upopulære etterfølgjaren sin Berengaria (Benggerd). Det er sett opp ein minnestatue av henne på Riberhus. Les meir …