Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 4, 2022
Ved er trevyrke som kan brukast til brensel. Brennverdien til veden varierer med fuktprosenten og eigenvekta til trevyrket. Det er vanleg å bruka tre som ikkje passar til andre føremål, som tynne eller krokete greiner og avkapp frå treindustrien, til brensel. Før han kan brennast bør veden delast opp i mindre stykke slik at han har ei stor overflate elden kan ta fatt i. Dette gjer ein gjerne ved å saga han opp eller kløyva han med øks på ein hoggstabbe.
Ved er den eldste kjelda til energi ein kjenner til, og vedfyring er framleis vanleg i store delar av verda. Ved er ein fornybar ressurs så lenge ein ikkje tek ut meir enn det som veks til. Mangel på ved i nokre område har ført til avskoging og ørkenspreiing. Les meir …