Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 40, 2023
MS «Venus» var eit motorskip bygt i 1931 som passasjer- og lasteskip som englandsbåt for Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS). Skipet gjekk i rute mellom Bergen og Newcastle. Det Bergenske Dampskibsselskab hadde som tradisjon å namngje skipa sine etter fenomen og objekt på nattehimmelen. Dette skipet var kalla opp etter planeten Venus og var det andre skipet i flåten til BDS med dette namnet, etter DS «Venus» frå 1890.
Skipet vart bygt ved Helsingør Jernskibs & Maskinbyggeri i Helsingør i Danmark og kosta 5,2 millionar kroner då det vart levert i april 1931, det klårt dyraste skipet BDS hadde eigd til då. Den første offisielle prøveturen gjekk 29. april i Helsingør med 150 inviterte gjester. Blant gjestene var den norske konsulen i Helsingør, ei rekkje direktørar og velståande kjøpmenn. 30. april 1931 gjekk «Venus» til Oslo for å visast fram for kongen og representantar av regjeringa og Stortinget på Oslofjorden. Les meir …