Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 41, 2023
Tysk litteratur eller tyskspråkleg litteratur viser til litterære verk skrivne på tysk eller i tyskspråklege område. I tradisjonell litteraturskriving omfattar omgrepet derfor òg litteratur frå både austerrikske og sveitsiske forfattarar, forfattarar frå tidlegare tyskspråklege område i Aust-Europa og dessutan tyske jødiske forfattarar frå ulike stader, i tillegg til litteratur frå Tyskland.
Tyske litteraturhistorie følgjer i store trekk dei same periodane som dei litterære tradisjonane i andre europeiske land, men spissformulert reknar ein den tyske litteraturen for gjennomgåande å ha hatt ei djupare, innovervend og større interesse for skuggesida og dei indre konfliktane til mennesket enn det litteraturen har hatt i mange andre land. Omgrep som Sturm und Drang og Weltschmerz stammar derfor ikkje utan grunn frå nettopp den tyske litteraturen. Metafysiske overvegingar har difor spelt ei større rolle hjå tyske forfattarar, og såleis har tysk filosofi òg hatt tyding for tysk litteraturforsking. Les meir …