Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 43, 2023
Den newzealandske sjølvstendeerklæringa vart underteikna av ein del nordlege maorihøvdingar i 1835, og var den første sjølvstendefråsegna på New Zealand før underteikninga av Waitangitraktaten i 1840.
I 1834 utarbeida den offisielle britiske representanten på New Zealand, James Busby, eit dokument som har vorte kjent som Den newzealandske sjølvstendeerklæringa. Ho vart underteikna av han og 34 maorihøvdingar frå Nordøya, mellom desse Tamati Waka Nene og brørne Te Wharerahi, Rewa, og Moka Kainga-mataa frå Bay of Islands, i Waitangi i Northland den 28. oktober 1835. Til 1839 hadde 52 høvdingar underteikna. Høvdingane underteikna denne sjølvstendefråsegna, og utpeika med det seg sjølve som representantar for ein komande sjølvstendig stat med namnet «United Tribes of New Zealand» (Dei sameinte stammane på New Zealand). Misjonærane Henry Williams og George Clarke omsette fråsegna til maori og underteikna som vitne. Les meir …