Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 44, 2019
Halloween er det engelske namnet på allehelgensaftan, natta før allehelgensdag. Halloween har utvikla seg til ei høgtid der ein tek for seg døden og skumle idear i form av utkleding og pynt. Halloween blir som regel feira 31. oktober. Ho er blitt ei viktig feiring særleg i visse engelskspråklege land, som Canada, USA, Storbritannia, Irland og New Zealand, og har til ei viss grad også spreidd seg til andre land.
Til halloween knyter ein ofte skumle eller makabre element, som skjelett, attergangarar, hekser, flaggermus og svarte kattar. Det viktigaste symbolet er blitt jack-o'-lantern, eit graskar med utskore fjes og eit levande lys inni. Det er vanleg å kle seg ut, gjerne som noko skremmande, og halda selskap i samband med halloween. Ein kan også brenna bål, dukka hovud etter eple, vitja skremmande attraksjonar eller sjå skumle filmar. Særleg i Nord-Amerika er det vanleg for små ungar å gå husimellom og be om godteri, ein skikk som også har spreidd seg til andre land. Les meir …