Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 44, 2020
Skald var nemninga på diktaren og historieforteljaren i det norrøne samfunnet. Skaldskap eller skaldedikting er ei av dei to hovudgruppene i norrøn poesi. Den andre er Edda-poesien. Skalden hadde oftast ein høg status i det norrøne samfunnet og han kom ofte frå ei mektig ætt. Mange skaldar var òg menn med stor makt og prestisje, som til dømes Bjarne Kolbeinsson som var ein mektig og rik biskop på Orknøyane og Skafte Toroddsson som var ein mektig hovding og lovseiemann på Island.
Skaldane var ofte i teneste hjå kongane eller andre stormenn og dei hadde gjerne ein høg posisjon i fyrsten sitt følgje. Til dømes fekk Sigvat Skald tittelen stallare i hirda til Olav den heilage og Sturla Tordsson var skutilsvein (riddar) i hirda til Magnus Lagabøte. Skaldekvadet vart tillagt stor verdi og ofte lønt med verdfulle gåver i «brageløn», det kunne vere gullringar, gode våpen, praktfulle klesdrakter og reie pengar i sølv. Eit dikt kunne òg nyttast som skadebot, i staden for gull. Les meir …