Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 45, 2015
Ohioelva er den største sideelva til Mississippielva ut frå volum. Ho er om lag 1579 km lang og ligg i det austlege USA. Elva har vore viktig igjennom historia for indianarane og dei mange busetnadane som dukka opp langs elva. Dei siste 500 åra før europearane dukka opp, bygde Mississippikulturen opp fleire høvdingdøme og store jordvollar langs elva. I tusenvis av år har indianarane nytta elva for framkomst. Om lag år 1200 vart det ein langvarig krig i Kentucky mellom irokesarane, som invaderte området frå dagens New York og andre stammer i Ohiodalen. Gjennom hundreåra har Osage, Omaha, Ponca og Kaw flytta vest for Mississippielva, og slo seg på midten av 1600-talet ned i Missouri, Arkansas og Oklahoma og nærliggande statar. Les meir …