Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 46, 2023
Najd er eit geografisk område sentralt i Saudi-Arabia der kring 30 % av alle saudiarabarar bur. Najd består av regionane Riyadh, Al-Qassim og Ha'il. Det arabiske ordet najd tyder ‘høgland’, og var ein gong nytta om ei rekkje område på Den arabiske halvøya.
Najd er eit platå som varierer frå 760 til 1525 meter over havet og heller frå vest til aust. Dei austlege delane (historisk kalla Al-Yamama) er markert av oasar med mange gardar og handelsaktivitet, medan resten tradisjonelt sett har vore tynt folkesett av nomadiske beduinar. Innbyggjarane i Najd er den dominerande minoriteten i Saudi-Arabia, og i motsetnad til Hejaz er Najd særs fjerntliggande og har i stor grad unngått å hamne under utanlandsk kontroll. Les meir …