Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 48, 2023
«Call It Stormy Monday (But Tuesday Is Just as Bad)» (ofte berre kalla «Stormy Monday») er ein song skriven og spelt inn av den amerikanske elektrisk gitar-pioneren T-Bone Walker. Han er ein langsam 12-taktsblues framført i West Coast blues-stil med Walker sin mjuke, klagande vokal og særprega gitarspeling. I tillegg til at songen vart ein hit i 1948, inspirerte han B.B. King og andre til å byrje å spele elektrisk gitar.
«Stormy Monday» vart den mest kjende og mest innspelte songen til Walker. Han er ein av dei mest populære bluesstandardane, og det er spelt inn mange utgåver av han. Songen er inkludert i Grammy Hall of Fame, Rock and Roll Hall of Fame og Blues Foundation Hall of Fame, i tillegg til at han er bevart i amerikanske Library of Congress sitt National Recording Registry. Les meir …