Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 49, 2020
Gävlebukken (svensk Gävlebocken) er ein ca. 13 meter høg halmbukk som blir bygd kvart år på Slottstorget i den svenske byen Gävle før fyrste sundag i advent. Tradisjonen byrja i 1966 etter ein idé av reklamemannen Stig Gavlén. Hovudkonstruksjonen er av tre, og bukken er dekt av halm, slik at han liknar dei tradisjonelle, langt mindre, halmbukkane som blir brukte som julepynt innandørs og på juletre. Opphavleg var oppsettinga av den store bukken tenkt som ei engongshending, men på grunn av den store populariteten han raskt fekk i byen, blei han bygd opp også året etter og blei etterkvart ein tradisjon.
Første desember 1966 blei den første Gävlebukken sett opp. Nyttårsaftan blei han fullstendig øydelagd av brann. Dette var den første av svært mange ulovlege øydeleggingar bukken er blitt utsett for gjennom åra. Les meir …