Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 49, 2024

Otti Berger i 1930.

Otti Berger (1898–1944) var ein ungarsk-jugoslavisk tekstilkunstnar av jødisk opphav. Ho utdanna seg ved Bauhaus i perioden 1927–1930 og var deretter verksam som lærar der i 1931–1932, som leiar for veveverkstaden. I 1929 var Berger elev ved Praktiska Vävnadsskolan i Stockholm der ho skreiv ei ni sider lang avhandling om svensk vevteknikk kalla Schwedische Bindingsleire, som seinare påverka den utgjevne vevelæreboka hennar Bindungslehre. Etter å ha avslutta kurset i Stockholm drog Berger til Noreg sommaren 1929, der ho fann inspirasjon i tradisjonstekstilar frå Sognefjorden og Hardanger.

Dei seinare åra til Berger var sterkt påverka av den antijødiske politikken til naziregimet, og ho levde ei tid i eksil i England før ho vende tilbake til heimlandet. Ho blei drepen i Auschwitz i 1944 under holocaust. Les meir …