Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 50, 2015
Gravitasjon er ei tiltrekningskraft som verkar mellom alle partiklar med masse i universet. Ved jordoverflata blir gravitasjon gjerne omtalt som tyngdekraft. Ein skil mellom «tyngde» og «gravitasjon» ved at tyngda er den krafta ein måler med ei fjørvekt, medan gravitasjonen er tiltrekkingskrafta mellom lekamar gjeve av gravitasjonslova til Newton.
Isaac Newton formulerte lova om gravitasjon i Philosophiae Naturalis Principia Mathematica (publisert 5. juli 1687). Ho seier at gravitasjonskrafta som verkar mellom to lekamar, er proporsjonal med produktet av massen deira, og omvendt proporsjonal med kvadratet av avstanden mellom dei.
Lova kan skrivast slik: , der G er storleiken på gravitasjonskrafta mellom to objekt,* m1 er massen til det første objektet (hovudobjektet), m2 er massen til det andre objektet, r er avstanden mellom objekta og γ er gravitasjonskonstanten. Les meir …