Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 50, 2019

Plakat for Extinction Rebellion

Extinction Rebellion (ofte forkorta XR, norsk «Opprør mot utrydding») er eit internasjonalt systemkritisk aktivistnettverk og ei sosiopolitisk rørsle med røter i miljørørsla og den britiske greina av Occupy-rørsla. Rørsla brukar eit sirkla timeglas, kjent som utryddingssymbolet, som ei åtvaring om at tida raskt renn ut for mange artar.

XR vart skipa i mai 2018 og praktiserer ikkje-valdeleg motstand og sivil ulydnad for å tvinge styresmaktene til innsats mot klimakollapsen, tap av biologisk mangfald og mot risikoen for sosialt og økologisk kollaps. Dei krev radikale tiltak mot global oppvarming gjennom eit tredelt krav til styresmaktene: Sei sanninga, handle no og utvid den politiske arenaen med eit borgarråd for klima og økologi. Særleg i Storbritannia har XR oppnådd merksemd gjennom aksjonar som har lamma infrastruktur og ved demonstasjonar i parlamentet. Extinction Rebellion Norge vart offisielt stifta den 16. desember 2018 som eit lag og ein ideell organisasjon. I Noreg var aksjonistar ansvarlege for ein demonstrasjon som braut av eit stortingsmøte den 12. juni 2019. Les meir …