Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 51, 2020
Julekubbe eller julestubbe kan vera ulike juletradisjonar som går ut på å brenna eller pynta med ein trekubbe til jul, eller ei kake forma og pynta til å likna ein kubbe. Å brenna ein stor kubbe eller trestamme til jul har vore ein utbreidd tradisjon frå sør til nord i Europa, og er også kjend frå europeiske koloniar. Julekubben blei typisk vald ut, teken inn i huset og tend på med visse seremoniar på julaftan eller første juledag. Han skulle så brenna utan å sløkka inntil berre smådelar eller oske var att. I nokre tradisjonar var det meininga at han skulle vara alle dei tolv juledagane. I Catalonia og delar av Aragon, Andorra og Occitania har ein tradisjonelt teke ein kubbe inn i heimen før jul, mata han og varma han, og late han skita ut gåver til jul. Les meir …